- Me ser framover!
Postet av Geir Daasvatn den 24. Nov 2019
Den langvarige konflikten mellom generaldirektør Tore Tveit i Rullatorgengen og kraftspissen Knut Kjetil Møen er endeleg løyst. No ser begge partar fram til eit godt samarbeid vidare inn mot alderdomen.
Knut Kjetil har vore sjeldnare og sjeldnare å sjå på rullatortreningane dei siste par åra. Dette har vekt meir og meir frustrasjon i miljøet rundt laget, all den tid Knut Kjetil har hatt ei løn godt over gjennomsnittet. Fleire gonger har manager Tore sett seg nøydd til å halde tilbake lønsutbetalingar, for å prøve å stramme opp treningsmoralen til banksjefen i Evje og Hornnes Sparebank.
Det heile toppa seg då Knut Kjetil av ein eller annan uforståeleg grunn nyleg valde å reise "over there" til Nashville i Tennessee, samstundes som det var viktig trening for rullatorgjengen i Evjehallen.
Under ei samling for mange av koryféane i rullatormiljøet på Dølen Hotel måndagskvelden, fekk Tore og Knut Kjetil endeleg setta seg ned i fred og ro for å lufte ut og kanskje løyse opp i problematikken og den ugreie stemninga det har vore mellom dei i det siste. Truleg fekk det også svært avgjerande betydning, at den gamle Otra-spissen frå 1981, Kjell Johnsen, var til stades på møtet og kunne ause av si erfaring om kor viktig fotballtrening er for helsa sjølv i høg alder. Knut Kjetil lydde heilt tydeleg til Kjell sine visdomsord, saman med formaningane frå Tore, og det enda med at han forplikta seg til å kome jamnleg på trening framover vinteren.
Det at Knut Kjetil ikkje har synt synderleg vilje til å vere med i rullatorgengen i det siste, har vore mest som eit verkande sår for mange, og eit sår som ikkje ville gro. No som dette ser ut til å endre seg, og me igjen vil få sjå goalgettereigenskapane til den robuste kraftspissen jamnleg i Evjehallen, kan roen atter senke seg over rullatormiløet og me kan sjå fram mot ei fredfull og oppbyggeleg adventstid.
Det var to utruleg letta personar me i Otrail.no traff etter at konflikten var løyst.
- No ser me begge framover, til det beste for laget og heile bygda! forsikra dei før me gjekk kvar til vårt i den seine novembernatta.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Geir Daasvatn
Kiosk - Otrahuset
22.09.2022
Otra fotball øker trenerkompetansen!
20.11.2019
Bestilling av treningstøy før jol
04.11.2019
VETERANLAGET FLYTTER INN!
03.11.2019