Foto: Geir Daasvatn

Otrahallen er ein idrettshall (fleirbrukshall) på Jortveit i Hornnes, i tett tilknytning til Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes

Hallen på 2385 m² stod ferdig bygd i 1985, og er eigd av Otrahallen AS. Otra IL er største aksjonær i selskapet med 59,5 % av aksjekapitalen. Evje og Hornnes kommune har 12,5 % eigarandel. Resten av aksjane er spreidde på ei lang rekke mindre lokale lag og foreningar.

1. oktober 2006 vart eit tilbygg på 600 m² teke i bruk. Utbygginga kosta 4-5 millionar kroner og vart gjort av Smeland Byggservice. I tillegg var det omfattande dugnad verd fleire hundre tusen kroner. Tilbygget har klatrevegg, styrketreningsrom, aerobic-rom og spinningrom, fysioterapiavdeling og lager. For å finansiere utbygginga oppfordra Otra IL folk til å låne hallen 10.000 kroner rentefritt i fem år.

I 2008 blei det bygd ei ny utandørs fleirbruksflate på den gamle asfaltbanen utanfor Otrahallen. Anlegget fekk namnet Odd Haralds Plass. Grunnen er eigd av Aust-Agder fylkeskommune, men sjølve anlegget er eigd av Otrahallen. 

Hausten 2016 blei det bygd eit tilbygg på 150 m2 til Treningssenteret, på austsida av hallen. Det vart samstundes gjort nokre ombyggingar inne i Treningssenteret. 

Artikkelen om Otrahallen på Setesdalswiki