EHbanen - Kunstgressbanen Evje

EHbanen ligg ved Evje stadion, og er ein kunstgrasbane for fotball. Banen har internasjonale mål (105 m x 68 m). 

Banen blei bygd i 2011. Heile anlegget, inkludert nokre terrengarbeider rundt banen, kosta ca 7 millioner kroner. Grunnarbeida blei utførte av entreprenørfirmaet Repstad Anlegg AS. Kunstgraset vart lagt av PST Sport AS. Byggar og eigar av banen er Evje og Hornnes kommune. Evje og Hornnes Sparebank støtta bygginga av banen med 1 million kroner, og har til gjengjeld rett til å ha logoen sin i midtsirkelen så lenge kunstgraset varer. Otra IL støtta bygginga med 500.000 kroner, 100.000 kroner frå hovudlaget og 400.000 kroner frå fotballgruppa. Friviljuge frå fotballgruppa og idrettslaget gjorde òg eit omfattande dugnadsarbeid under bygginga og legginga av kunstgraset.

Artikkelen om EHbanen på Setesdalswiki

Evje stadion med EHbanen i sentrum. Fennefossfjellet i bakgrunnen. Foto: Geir Daasvatn


Levert av IdrettenOnline